Ordriket - Arbeidsbok 2B
Del av serien
Pocket
2020
Norsk, Nynorsk
Ordriket 1–7 Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Arbeidsbok 2B Arbeidsbøkene på 2. trinn legg opp til eit systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld oppgåver til tekstane i Lesebok 2B. Oppgåvene øver leseforståing og er delt inn i kategoriane ord i teksten, hugse og tenke. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene. Her er det lagt opp til at elevane skal skrive etter mønstertekstar og i ulike sjangrar. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Arbeidsboka finst også i digital utgåve. Les meir på fagbokforlaget.no
Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen en uke.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent