Svalene i Lisboa - vers og forteljingar
Av Ronny Spaans
Pocket
2008
Norsk, Nynorsk
"Svalene i Lisboa" plasserer Ronny Spaans både i ein nynorsk poesitradisjon og i ein større europeisk fellesskap, med Elena Sjvarts og Bella Achmadulina i Russland og Derek Mahon i Irland som tilknytingspunkt - alle representantar for ein ubroten klassisk orientert lyrikktradisjon i utkanten av Europa, som har fornya seg i samsvar med ein samtidig, modernistisk poetikk. Med vekt på bilete, rytme og forteljing står Spaans fram som eit friskt pust i norsk lyrikk. Ronny Spaans er fødd i 1976 og oppvaksen i Brønnøysund. Han har budd i Nederland og Spania og har tilhøyrsle i miljøet kring Senter for frie kunster i Oslo. Han har publisert artiklar og dikt i "Bokvennen", "Lyrikvännen" og "Norsk Litterær Årbok" og har redigert ei nyutgåve av Emil Boysons "Europeisk poesi" (2006). I år er han medredaktør av ei essaysamling til hundreårsminnet åt Olav H. Hauge. Med "Svalene i Lisboa" debuterer Spaans som lyrikar.
Tilgjengelig i 3 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent