Kom fram, fyrste! - roman
Av Edvard Hoem
Innbundet
2004
Norsk, Nynorsk
Olav Engelbrektsson var erkebiskop i Norge midt under reformasjonsstriden. Da han flykta frå Trondheim 1. april 1537, var det som om han forsvann i eit stort historisk mørker. Namnet hans,som var så viden kjent, skulle ikkje lenger nemnast i det norske riket. Fordi namnet hans skulle bli gløymt, veit vi ikkje når han kom til verda eller kvar fødestaden hans låg. Det finst ingen folkeminne om han i Norge og ikkje noko monument i Trondheim. Ingen dokument frikjenner han for det stemplet som han fekk da han fór bort: at han var ein svikar mot landet og at han hadde rana skattane i Trondheims domkyrkje. Med "Kom fram, fyrste!" har Edvard Hoem skrive ein subjektiv og inspirert roman om å hente opp gløymde hendingar frå historia.
Tilgjengelig i 1 butikk
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent