Hopp til hovedinnholdet

Jorda rundt på 80 dagar - roman

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Jorda rundt på 80 dagar er ein eventyrleg reiseroman. Den eksentriske engelske gentlemannen Phileas Fogg gjer eit veddemål om noko som i 1872 blei rekna som heilt umogleg: å reise jorda rundt på 80 dagar. Saman med den hjartegode og snarrådige tenaren Passepartout legg Fogg i veg på reisa gjennom Europa, Asia og Amerika med alskens farkostar – tog, båt, slede, til fots og til og med på elefantryggen. I eit nervepirrande kappløp med tida møter dei ukjente og eksotiske folkeslag og kulturar, og på heile reisa blir Fogg dessutan forfølgt av politidetektiven Fix, som mistenker Fogg for å vere bankranar. 
Denne uforgløymelege klassikaren er kjent for si spanande handling, fargerike karakterar, levande miljøskildringar og innsikt i teknologiske nyvinningar. Boka er ikkje berre underhaldande, men og uvanleg lærerik, og blir rekna som ein av de første science-fiction-romanane i vedslitteraturen. 
Dette er den første komplette utgåva av Jorda rundt på 80 dagar på nynorsk. 

    Tilgjengelig i 66 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer