Heilt sant - og vel så det - godt og gale frå Nordfjord
Av Ivar Andenæs
Innbundet
2024
Norsk, Nynorsk
Ein gardbrukar i Oppstryn dreiv og bygde seg ny lade. Til hjelp hadde han den unge gardsdrengen. Bonden var oppteken av at støttebjelkane stod rett, og ropte til drengen: «E han i vater, dinnja bjelkjen?» Drengen la vatermålet inntil, kneip det eine, så det andre auget igjen, og ropte tilbake: «Han e i vater, og vel så det!» I boka Heilt sant - og vel så det har Ivar Andenæs på nytt samla fleire hundre gode historier frå Nordfjord. Då den første boka med Nordfjord-historier, Feil manglar vi alle, kom ut i 2021, gjekk ho til topps på mange salslister i Sogn og Fjordane. I Heilt sant - og vel så det finn du historier som gjev opphav både til humring og den store skratten. Historiene omfattar dei fleste emne i menneskelivet, og er samla etter tema i ni kapittel. Boka er rikt illustrert med over 100 fotografi.
Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen en uke.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent