Evig grønt er
Innbundet
2014
Norsk, Nynorsk
Pavel Vilikovsky (f. 1941) er ein av dei viktigaste forfattarane i slovakisk samtidslitteratur, og satiren Evig grønt er er hans mest vidgjetne roman. Det er ein monolog utan like i verdslitteraturen, skriven under kommunismens forhøyrsregime og først utgjeven etter kommunismens fall. Som i forhøyrssamfunnets ålmenne atmosfære, er det noko uklårt kven som snakkar til kven: ein oberst til ein elskar, ein far til ein son, eller begge delar? Eller er det den indre monologen til ein noko forvirra eldre mann? Og kor mykje har den stigande rusen å seia for kva den namnlause forteljaren seier? Romanen er omsett av Anna og Jon Fosse, og Anna Fosse har skrive etterordet.
Tilgjengelig i 32 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent