Dikt i samling
Pocket
2022
Norsk, Nynorsk
«Ein skapande som ser lenge nok inn i eit mørker som er kvitt, vil kunna sjå ungdommen», skriv Eirik Ingebrigtsen i etterordet til "Dikt i samling". Han omtalar klangbringaren, romsjåaren Lars Amund Vaage, denne diktaren som ser dei unge i dei gamle, det som var i det som er. Heile sitt skrivande liv har Vaage vore oppteken av kva som skjer med menneska når tradisjonane vert borte, av situasjonen til dei svake i samfunnet, av togn og språkløyse og av kjærleikens karakter og vilkår. Og ikkje minst er musikkens språk berande i forfattarskapen; Vaage, som òg er pianist, er høgt verdsett for det musikalske og biletskapande språket sitt.
Lars Amund Vaage er kanskje først og fremst kjend som ein av våre største romanforfattarar, men han er ikkje mindre særmerkt som lyrikar. Med denne boka ligg dei hittil fire diktsamlingane hans føre i eitt band.

Tilgjengelig i 5 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent