Dei tilsette
Av Olga Ravn
Innbundet
2021
Norsk, Nynorsk
Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda.
Besetninga på det sekstusende skipet består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekkje gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å knyta sterke band til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekkjer gjenstandane minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom dei sjølve og omgivnadene, mellom menneske og ting.
«Dei tilsette» er ein science fiction-idéroman om bioteknologi, kunstig intelligens, klimautfordringar og arbeidsvilkår, og om kva det vil seia å vera menneskeleg. Boka er kompromisslaus i møte med eit av vår tids mest presserande spørsmål: Kva vil skje med menneskeverdet i eit samfunn basert på effektivisering og stadig aukande vekst?
Til norsk ved Inger Bråtveit.
«Dei tilsette» er kortlista til Den internasjonale Booker-prisen 2021.

Tilgjengelig i 65 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent