Hopp til hovedinnholdet

Dei døde er her og spør etter meg

  • Pocket

  • 2025

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

I Oddbjørn Birkeland si fjerde diktsamling er det døden sjølv som er hovudpersonen. Døden legg nærværet sitt over det skrivande eg-et, og resultatet er ein finstemd song. Døden, som både bur i diktar-eget og nærmar seg utanfrå, lèt eg-et få auge på seg sjølv som levande. Her er ikkje dei gamle og dei døde bare gravlagde og gløymde, dei går igjen blant sine etterletne, på sine eigne stader. Der rotar dei rundt i dei kvardagslege interiøra sine, eller går turar blant sauene i audslege landskap ein stad på Høg-Jæren i Rogaland.
I kontrasten mellom det store og det lille, det abstrakte og det konkrete - og innimellom det absurde og galgenhumoristiske - kjem døden fram som ei forvandlande kraft, som langsamt overtek. Slik regisserer diktar-eget nærast sin eigen død, der ein til slutt kan ane konturane av ein personleg framtid utover døden.

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    Forhåndsbestill

    Forventes i salg 14.02.2025.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent