Hopp til hovedinnholdet

Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast

Del467 av serien
  • Innbundet

  • 2021

  • Norsk, Nynorsk

her er arret, her er såret, her er skattemelding og CV
her er såre punkt, her er hard hud,
her er kviser, cystar og hemoroidar
her blir blodet reinsa og her sprekk stemma
her er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrift
her kjem driten ut
her er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste dei
her er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleg
universet som renn gjennom meg
og eg som renn gjennom universet Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.

    Tilgjengelig i 76 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent