Hopp til hovedinnholdet

44

  • Innbundet

  • 2025

  • Norsk, Nynorsk

Ein familiekjær forfattar blir skulda for å ha skrive eit misogynt manus. Ein trampoline opnar porten inn til dei store gåtene i livet. Kongen av Strava må ta affære då han blir utsett for eit overrumplande kupp. Ei søvnlaus kvinne gruar seg til ein romantisk weekend i Gdansk. Det blodige sporet til eit skamskote dyr fører ein jeger ut av kurs. Ein dokkeheim tek så smått form i ein kjellarhybel på Vigrestad. Fagre Frøydis byrjar å innsjå at ho ikkje er like fager lenger. Og ein mann går inn på det gamle guterommet sitt og oppdagar at heile livet hans er hengt opp på veggen.
Gjennom dei åtte novellene i (44) møter vi personar som kvar på sitt vis byrjar bli merkte av livet dei har levd: Av uutgrundelege val og tilfeldige møte. Forspilte sjansar. Usannsynlege triumfar og lukketreff. Kjærleik. Svik. Askese. Eksess. Mot. Hovmot.
(44) gjev lesaren innblikk i eit knippe livsløp som har glidd inn i faste former, men som enno ikkje har stivna heilt.

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    Forhåndsbestill

    Forventes i salg 30.01.2025

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer