Hopp til hovedinnholdet

Ro - om Sognefjorden og ein lang rotur heim

  • Pocket

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

RO I VÅR LENGSTE FJORD Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro.
Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.
Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Ho ror med mannen, venninner og mora - på ulike strekk. Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn ho ro?
Ro er ei vakker forteljing om vår lengste fjord - og eit forsøk på å finne heim.

    Tilgjengelig i 2 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer