Hopp til hovedinnholdet

Viltforvalting mot ein ny horisont - biologi – men mest om folk

  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Viltforvalting var tidlegarehausting av matnyttig vilt og utrydding av rovvilt. I antropocen, menneskets tidsalder, har mennesket og husdyra våre fullstendig overteke jordkloten (95-99 % av pattedyrbiomassen) og fortrengt viltlevande dyr (1-5 %). Viltforvaltinga går føre seg mot ein ny horisont - med naturtap og global oppvarming. Viltforvaltaren bidreg med kunnskap for å planleggja, gjennomføra og evaluera åtgjerder for å nå måla styresmakter og oppdragsgjevarar set for viltet. Heimehøyrande arter med leveområde skal vernast, invaderande framandarter skal stoggast.
Viltforvaltaren treng økologisk kunnskap om einskildarter og økosystem, og alle tiltak må skje innan rammene som lovverket set. Lovverket varierer mellom ulike land basert på tidlegare og noverande maktforhold og tradisjonar, slik og i Noreg. Mange vitskapsretningar er opptekne av å løysa naturvernutfordringar. Viltforvalting merkjer seg ut ved å leggja spesielt vekt på vern gjennom berekraftig bruk. Å forvalta jaktbare arter og leveområda deira slik at artene og jakta på dei kan halda fram for alltid, er vesentleg. Om dette kan oppnåast, er heilt avhengig av folkemeininga som bestemmer kva politikk som vert ført.
Torstein Storaas er professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet på Evenstad, med doktorgrad på skogsfugl. Storaas har forska på elg, rype og byttedyra til tiger i Nepal. Han har forvaltingsrøynsle frå høgskule, kommunestyre, villreinnemnd og kommuneskog.
Scott Michael Brainerd er fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet på Evenstad, med doktorgrad på mår og over 50 års røynsle i viltforsking og -forvalting frå mellom anna NJFF, NINA og som leiar for statleg viltforsking i Alaska.

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    På nettlager. Produseres på bestilling. 2-3 uker leveringstid

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer