Hopp til hovedinnholdet

Syn og segn. Hefte 2-2024 - tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Av Astrid Sverresdotter Dypvik (red)
Del av serien
  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Politisk polarisering
 
Syn og Segn om Tyskland
 
Årets andre utgåve av Syn og Segn handlar om Tyskland. Humorforskar Kai Schwind skriv om eit tema mange undrast over, men som få har kunnskap om – kva er eigentleg tysk humor? Schwind forklarar kva tyskarar ler av, kven dei ler av og gir ei systematisk innføring i  tysk humors historie frå Weimar-republikkens tid og fram til våre dagar.
Bjarne Våga, som er kunsthistorikar og leiar for Galleri Würth, skriv om biletkunst i DDR.
Bjørn Hatterud fekk stor suksess med boka Mjøsa rundt med mor. No er han i gang med ei ny bok, og denne gongen skriv han om far sin. Det handlar om ein familie, om store landsbruksmaskinar og om kjærleik til den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr.
Syn og Segn-redaktør Astrid Sverresdotter Dypvik skriv om korleis det tyske politiske livet blir prega av framgangen til det radikale ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD).  I Europavalet denne helga fekk partiet sitt sterkaste resultat nokon gong. heile 15,9  prosent av dei tyske veljarane stemte på partiet.
Historikaren Håvard Klyve Parr skriv om erindringar og om den tyske filmregissøren Lutz Beckers omstridde dokumentarfilm Swastika frå 1973. Syn og Segns faste litteraturkritikar  Eivind Myklebust skriv om Walter Kempowski, som er ein av tyske etterkrigstidas største stjerner, men som framleis ikkje er omsett til norsk.
I tillegg har nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre skrive ein personleg tekst om korleis Arne Garborgs litteratur har prega familien hans gjennom fleire generasjonar. Ingrid Kleiveland Vevle skriv om Halldis Moren Vesaas dikt Mødrehender, og om sin eigen irritasjon over diktet. Harald Stanghelle skreiv i Syn og Segn første gong i 1974. No er han tilbake i spaltene med tekst om Noreg, Israel og Palestina.  Forfattaren Günel Mövlud fortel om kvifor ho vart nøydd til å rømme frå heimlandet Aserbajdsjans og om korleis ho enda opp i Noreg.
 

Tilgjengelig i 1 butikk

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent