Hopp til hovedinnholdet

Sosialpolitikk på norsk - velferdstenestene, forvaltninga og det politiske systemet

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Barnevernspedagogar, vernepleiarar og sosialarbeidarar har ei hjelperolle overfor brukarar, men inngår også i eit forvaltningsapparat som set i verk politikk. I boka tek forfattarane utgangspunkt i sosialarbeidarane si rolle i velferdsstaten og gir ei brei innføring i norsk sosialpolitikk; korleis forvaltninga er bygd opp og styrt av demokratiske prosessar, og korleis tenestene er organiserte. Gjennom heile framstillinga blir det lagt vekt på kva handlingsrom sosialarbeidarane har i profesjonsutøvinga si, med vekt på skjønsutøving og medverknad. Minoritetserfaringar og diskriminering blir behandla i eit eige kapittel, og her blir det lagt særleg vekt på det samiske og på innvandring. Avslutningsvis gjer forfattarane opp status for den norske velferdsstaten. Her set dei eit kritisk søkelys på aukande sosial ulikskap og fattigdom i det norske samfunnet og drøftar moglege sosialpolitiske reformer som kan bidra til å motverke desse utviklingstrekka. Magne Eikås er dosent ved Institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal. Eikås er utdanna statsvitar og er medforfattar av boka Organisert velferd (2016). Svein Tuastad er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag, Universitetet i Stavanger. Tuastad er utdanna statsvitar og har mellom anna skrive boka Fridom, likskap og gullkort (2009) og vore medredaktør på boka Barneomsorg på norsk (2017).

    Tilgjengelig i 2 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer