Hopp til hovedinnholdet

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? - næringslivshistorie frå Møre og Romsdal

Av Mads Langnes (red)
  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie, og denne boka handlar om alt frå klippfiskeksport til kaffistover og offshoreindustri. Forfattarane tek utgangspunkt i teoriane til sosiologen Max Weber om protestantisk etikk og kapitalistisk ånd og undersøkjer om dei internasjonalt mykje nytta modellane frå Weber-skulen lèt seg overføre til arbeids- og næringsliv i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal har vore eit område der forskinga ofte har trekt parallellar mellom haugianarrørsla, som var inspirert av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771–1824), og næringslivsutviklinga fram til i dag. Kva rolle hadde haugiansk entreprenørskap og tankesett på 1800- og 1900-talet? Målet med boka er å undersøkje kva kulturar og strukturar som har vore kjenneteiknande for næringslivshistoria i regionen.
Boka er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Viti og Nynorsk kultursentrum.
Redaktør og prosjektleiar Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie og kulturhistorie.

    Kan bestilles til 147 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer