Dialektar i Noreg - tradisjon og fornying
Pocket
2005
Norsk, Nynorsk
Dette er ei ny og revidert utgåve av boka Dei norske dialektane (1997). Endringane i forhold til den førre boka er så store at boka nå har fått ein ny tittel.
Norsk talemål er prega av stor variasjon, det gjeld både geografisk og sosial variasjon. Dialektar i Noreg dreier seg i all hovudsak om den geografiske variasjonen me finn i talemålet, og forfattaren gjev eit oversyn over tradisjonelle særmerke i norske dialektar. Boka drøftar årsakene til at talemålet endrar seg, og gjev opplysningar om dialektutviklinga i Noreg dei siste tiåra. Boka tek også for seg generelle endringar i bymåla våre.
Forfattaren refererer ulike syn på korleis ein best kan få til ei inndeling av dialektane. Mot slutten av boka er det ei oppsummering av dei tradisjonelle språklege særdraga me finn innafor ulike delar av det norske målområdet. Totalt sett tek boka opp fleire disiplinar innafor norskfaget, både norrønt, dialektkunnskap og språkhistorie.
Dialektar i Noreg er meint å kunna brukast som lærebok eller hjelpebok i dialektkunnskap og språkhistorie for studentar i norsk språk på universitet og høgskular. Ho kan også høva som oppslagsbok for alle som er interesserte i norske dialektar.

Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent