Hopp til hovedinnholdet

AG - med lykti i hand : Garborg som diktar og tenkjar

Av Eskil Skjeldal (red), Gudleiv Bø (red), Norunn Askeland (red)
  • Innbundet

  • 2011

  • Norsk, Nynorsk

  • Norsk, Bokmål

Arne Garborg var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar og vanskeleg å putte i éin bås. Bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane; tenkjaren - Garborg "med lykti i hand" - med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida, har vore etter måten lite påakta. Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk. Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren sjølv var det, og vil bidra til å kaste nytt lys over ein av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg.

    Tilgjengelig i 15 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer