Å skrive nynorsk og bokmål - nye tverrfaglege perspektiv
Av Ann-Kristin Helland Gujord (red), Edit Bugge (red), Eli Bjørhusdal (red), Jan Olav Fretland (red)
Pocket
2018
Norsk, Bokmål
Flerspråklig
Norsk, Nynorsk
Engelsk
Det er to norske skriftspråk i Noreg, nynorsk og bokmål. Kan vi kalla dette ein fleirspråksituasjon? Vil det å meistra båe skriftmål gje fleirspråkfordelar? Eller er andre sider ved den norske toskriftspråksituasjonen vel så verdifulle?
I ti vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane ulike sider ved den norske språksituasjonen i eit vidare fleirspråkperspektiv. Eit særleg føremål er å undersøkja om det å skriva både nynorsk og bokmål gjev kognitive effektar eller andre fordelar, om korleis ein i så fall kan finna det ut, og om det er viktig å finna det ut. Eit meir generelt føremål er å undersøkja på kva vis ny, tverrfagleg forsking på den norske språksituasjonen kan knytast til internasjonal forsking på bruken av fleire språk og til diskusjonen om språkleg mangfald.
Boka rettar seg mot studentar og forskarar innanfor norsk og nordisk, lingvistikk, pedagogikk, psykologi, sosiologi og historie. Ho er óg relevant for alle som er interesserte i språk og samfunn og samanhengen mellom dei to. Eli Bjørhusdal er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet (Sogndal). Edit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet (Bergen). Jan Olav Fretland er dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet (Sogndal). Ann-Kristin H. Gujord er førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved Universitetet i Bergen

Kan bestilles til 147 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent