Hopp til hovedinnholdet

Slagersong og svartmetall - godbitar frå den nynorske populærmusikken

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Kva har Nora Brockstedt, Lillebjørn Nilsen, Ivar Medaas, Dizzie Tunes, Noregs Punklag, Darkthrone, Gåte og Odd Nordstoga til felles? Alle har gitt ut musikk med nynorske tekstar. Denne boka tek deg med gjennom dei fyrste 80 åra med nynorsk populærmusikk på vinyl. Meir enn 60 plater får eigen omtale, krydra med detaljar frå innspelingane og mottakinga platene fekk. I tillegg kjem ei mengd små omtalar av andre plater. Boka er gjennomillustrert med 266 plateomslag, 50 artistfoto, gamle annonsar, plakatar og anna. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyra på.
 
Frå boka:
«Den jazz- og bossanova-inspirerte plata The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music, med arrangement av Sigurd Jansen, har to delar: éi side med nytolkingar av folkeviser, og éi med tolkingar av Grieg-songar med tekstar av Garborg og Vinje. Og det her vart «Årets mest kontroversielle norske LP-plate», for å sitera Arbeiderbladet. Faktisk var arrangementa so kontroversielle at ein av dei klassiske musikarane som skulle spela på plata, reiste seg og gjekk i protest midt i innspelinga.»
Dizzie Tunes: The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music (1969)

Kan bestilles til 145 butikker

På nettlager (sendes innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer