Rogaland
Av Jan Zahl (red), Lars Idar Waage (red)
Innbundet
2010
Norsk, Bokmål
Norsk, Nynorsk
Kvar dag gjennom heile året, sommar som haust, vinter som vår, år ut og år inn, vippar Aftenbladets fotografar kamerareima over aksla, lukkar seg ut av Aftenbladets lokale og går ut i det landskapet me kallar Rogaland. Oppdraget deira: Å frysa fast nye hundredelssekund med kameraet sitt. Denne boka er eit utval bilete tekne av Aftenbladets fotografar gjennom dei siste åra. Her er korte glimt av kvardag og av fest i Rogaland, av menneske og landskap, hav og fjell, by og land. Løfta ut av den hektiske aviskvardagen og inn i ei bok får desse bileta ei ny ro, ein ny dimensjon. På sitt beste kan desse bileta gjera oss i stand til å sjå det kjente landskapet rundt oss på litt nye måtar, frå litt nye perspektiv. I tillegg byr boka på tekstutdrag frå ei rekkje kjære rogalandspennar, valde ut etter lystprinsippet. På sitt beste snakkar orda og bileta saman, og skaper eit større heile enn dei to enkeltdelane lagt saman. Nye bilete. Nye augneblinkar. LARS IDAR WAAGE (f. 1979) har jobba som fotojournalist sidan 2001. Først seks år i Rogalands Avis, og sidan 2007 i Stavanger Aftenblad. JAN ZAHL (f. 1969) har jobba som kulturjournalist i Stavanger Aftenblad sidan 2007. Han har tidlegare vore journalist bl. a. i Dagbladet og Dagsavisen. Zahl er utdanna statsvitar og har gitt ut fire bøker, bl. a. Kontroll på kontinentet - historia om Kaizers Orchestra, i samarbeid med fotografen Paal Audestad.
Tilgjengelig i 1 butikk
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent