Hopp til hovedinnholdet

Norsk historie 1914-2000 - industrisamfunnet - frå vokstervisse til framtidstvil

  • Pocket

  • 2000

  • Norsk, Nynorsk

NORSK HISTORIE1914 - 2000INDUSTRISAMFUNNET - FRÅ VOKSTERVISSE TIL FRAMTIDSTVIL Hovudvekta i denne boka ligg på den politiske historia, men forfattaren har også gitt eit bilete av eit samfunn i jamt raskare endring. Framstillinga viser korleis Noreg var eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn, eit sosialdemokratisk "ordenssamfunn" og eit samfunn der nyliberalismen slår gjennom.Denne utgåva inneheld eit nyskrive kapittel om nittiåra, og boka er såleis den første framstillinga av norsk historie som fører fram til tusenårsskiftet. Ellers følgjer boka framstillinga i Vårt hundreår (1991), men begynner i 1914. Boka er dessuten korta ned, utan at det har gått ut over den heilskapen som eit slikt oversiktsverk krev.
BERGE FURREFødd 1937 i Rogaland. Professor i historie ved Universitetet i Tromsø. Profesor i teologi ved Universitetet i Oslo frå 1991. Har vore stortingsrepresentant og leiar for SV, og medlem av Lund-kommisjonen (1994-96). Berge Furre har m.a. gitt ut Norsk historie 1905-1940 (1971), Soga om Lars Oftedal (1990) og Norsk historie 1905-1990 (1996). Artikkelsamlinga Sant og visst kom ut til 60-årsdagen hans (1997).

    3.0

    Tilgjengelig i 1 butikk

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer