Hopp til hovedinnholdet

Kva ser vi - kva gjer vi? - omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep : skulen og barnehagen sine oppgåver

  • Pocket

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

Mange barn er utsette for og lever med omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, men blir svikta av dei som møter dei i deira kvardag utanfor heimen. Dei fleste som arbeider med barn i skule, barnehage, organisasjonar eller institusjonar, har opplevd at dei undrar seg over noko barn har sagt eller gjort. Undringa kan ha komme som eit lite blaff eller vere ei kronisk kjensle av ubehag, uro og bekymring. Men kva gjer ein med ei slik bekymring? Mange manglar den kompetansen og det motet som skal til for å hjelpe barnet. Denne boka er meint å gi kunnskap og hjelperåder. Det er lagt vekt på handlingskompetanse, det vil seie å gi oversikt over reglar og døme på god praksis. Det handlar til dømes om korleis ein kan auke sensitiviteten sin overfor barna, om korleis ein skal involvere kollegaer og leiing, og om samtalemetodiske grep i møte med barna og foreldra. Det blir òg gitt ei oppdatert innføring i ny kunnskap om konsekvensane av omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Boka er relevant for alle som jobbar med barn og unge eller som utdannar seg til slike yrke. Inge Nordhaug er klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og er tilsett ved RVTS Vest. Han arbeider til dagleg med alvorleg omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Han har i mange år undervist i temaet for lærarar i barnehage og skule og på universitet og høgskular. Her kan du lese et utdrag fra boken og se innholdsfortegnelsen.

    5.0

    Tilgjengelig i 3 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer