Arve - sonen min
Innbundet
2002
Norsk, Nynorsk
Ei mors modige og gripande bok om sonen sin. Ein fredag i april 1999 pynta syttenåringen Arve Beheim Karlsen seg og dro heimanfrå. Han skulle på fest i nabobygda. Han kom aldri att. I denne boka fortel mora om sonen sin. Nokre veker etter at det forferdelege hende, sette ho seg ved kjøkkenbordet seint ein kveld og byrja skrive dagbok. Det vart mange fylde hefte ettersom tida gjekk. I sorgen gav det ein slags meining å skriva ned tankane, minna, den fortvila leitinga etter sanninga. Kva hadde hendt den kvelden? Korleis kunne det skje? Kari Beheim Karlsens bok er eit gripande dokument. Det er ei forteljing om ein liten familie i ei lita bygd på Vestlandet . og om kampen mot dei mørke kreftene i samfunnet vårt.
Tilgjengelig i 1 butikk
På nettlager. Sendes innen 2-3 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent