Lothestrikk
Av
Innbundet
2018
Norsk, Nynorsk
Ull til heile familien! Lothepus er nærast fødd i ullgenser, og ser ikkje bort frå at han skal gravleggjast med strikkegenseren på. Mora strikkar, og Lothepus er storforbrukar av gode ullplagg. Historia om Lothepus og Dale Garn starta då Lothe viste seg i ein rallargenser frå Dale i serien Fjorden Cowboys. Interessa for genseren var enorm. Alle ville ha oppskrifta. Dale Garn utvikla ein heilt eigen strikkegenser i samarbeid med Lothe. Det blei den originale Lothepus-genseren, kjend frå tv-programmet Farmen. Designet er allereie ein klassikar. Saman har dei utvikla fleire funksjonelle strikkegenserar med fine, praktiske detaljar. Dette er plagg for dei som elskar jakt, fiske og friluftsliv. I designet er det brukt tradisjonelle mønster som har vore nytta i fleire hundreår. Fleire av oppskriftene er tilpassa kvinner. Boka inneheld også tilbehøyr som hanskar og luer og dessutan tre flunkande nye Lothepus-genserar.
Tilgjengelig i 7 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent