Døden i Venezia - og to andre noveller
Innbundet
2025
Norsk, Nynorsk
Thomas Manns verk er rekna blant dei fremste i verdslitteraturen, og novellene hans står ikkje tilbake for romanane. Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar han samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet. Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag.Mann kombinerer psykologisk innsikt og filosofiske og eksistensielle spørsmål med ironi og ein elegant og symbolmetta forteljarstil. Han var høgt akta blant forfattarar i samtida, og han har hatt stor påverknad på både forfattarar, filmskaparar, musikarar og andre kulturarbeidarar internasjonalt, som Woody Allen, Philip Roth, Haruki Murakami, Alice Munro eller Christian Kracht.I 2025 er det 150 år sidan nobelprisvinnaren frå 1929 blei fødd. Dette vil bli markert både i hans heimland Tyskland og her i Noreg.
Tilgjengelig i 6 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager..
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent