Hopp til hovedinnholdet

Forvitringar

  • Innbundet

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

«Korleis seier ein 'eg' når ein ikkje hugsar?» Det er spørsmålet Sylvia Molloy stiller seg i denne boka som er sett saman av fleire glimrande og gripande tekstutdrag der ho undersøkjer korleis Alzheimer artar seg og utfordrar fortida og notida både til dei som lid av sjukdomen og dei som er vitne til han.
Molloy går nesten dagleg på besøk til ML, ei nær venninne og ein gamal kjærleik. Opp gjennom åra har dei knytt eit band som byrjar rakna etter kvart som Alzheimer-sjukdomen skrid fram og endrar ML litt etter litt. Dag for dag ser ho ut til å kvitta seg med små bitar av seg sjølv. Av og til gløymer ho ord, andre gonger gløymer ho andlet og namn. Medan dette skjer, skriv Molloy ned det gradvise tapet av minne med hjartevarme, vantru og sorg. Ho skriv frå ein stad der ho ynskjer å behalda venen sin og den felles historia deira, ei historie som vert delvis verjelaus når den eine parten forsvinn, og ingen er der for å justera eller nekta for versjonane Molloy fortel om den felles fortida deira. Boka er difor ikkje berre ei skildring av sjukdomen, men også ein måte å driva ut tapet på, og å utfordra det. Denne vakre boka er ein kamp mot fråværet.

    Kan bestilles til 147 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer