Hopp til hovedinnholdet

Etikk for lærarar

  • Pocket

  • 2020

  • Norsk, Nynorsk

Må ein alltid fortelje sanninga til barn? Bør ein bruke mest tid på svake eller sterke elevar? Dette er nokre av dei etiske utfordringane som blir drøfta i Etikk for lærarar. Forfattaren drøftar situasjonar ein lærar kan komme ut for i skulen, og kva slags typiske etiske dilemma ein kan møte. Tema som blir behandla, er mellom anna privatliv og profesjonalitet, lojalitet og ytringsfridom og rettferd i vurdering og fordeling av tid. Etiske omgrep og teoriar blir forklarte og drøfta med utgangspunkt i eksempel frå skulekvardagen. Boka legg vekt på å veksle mellom praktiske casar og gjennomgang av teoretisk stoff. Innleiinga i boka er ein gjennomgang av relevante etiske omgrep for lærarprofesjonen, sentrale innfallsvinklar til å arbeide med etiske problemstillingar og ein gjennomgang av eit utval etiske teoriar.

    Tilgjengelig i 3 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer