Hopp til hovedinnholdet

Brand 1.0 - marknadsføring og leiing 1

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Fagbokforlagets Økonomiske programfag består av læremiddel for dei tre programfaga entreprenørskap og bedriftsutvikling, næringslivsøkonomi og marknadsføring og leiing, samt den tverrfaglege nettressursen Økonomiportalen. Brand 1.0 er eit heilt nytt læreverk for vidaregåande skole, for programfaget marknadsføring og leiing 1 i studieførebuande utdanningsprogram. Boka er basert på kompetansemåla i læreplanen som gjeld frå august 2021.
Læreverket består av læreboka Brand 1.0 og ein nettressurs som er del av den tverrfaglege Økonomiportalen. Ressursane legg vekt på ei praktisk tilnærming til faget. Boka har eit visuelt uttrykk med figurar som støttar teksten gjennom å illustrere teorien, og etter kvart kapittel er det varierte oppgåver og verktøy.
Del 1 introduserer elevane for dei arbeidsoppgåvene ein marknadsførar kan rekne med å få i arbeidslivet. Så kjem det ei innføring i grunnleggjande marknadsføringsomgrep. Deretter blir det presentert viktige utviklingstrekk ved marknadsføringsfaget, berekraftsdimensjonen, digitalisering og etikk og regelverk.
Del 2 presenterer forbrukaråtferd gjennom to kapittel. Det første kapittelet introduserer teori om det å vere forbrukar, som blir følgd opp av ei innføring i kva som skjer i bevisstheita til forbrukaren. Det neste kapittelet presenterer teori om forbrukaråtferd og korleis forbrukaren steg for steg beveger seg gjennom ulike prosessar knytte til behov, roller og nye produkt i marknaden.
Del 3 tek for seg marknadsplan og ulike styringsverktøy for all kommunikasjon med marknaden og har ein kapittelvis presentasjon av dei fire konkurransemidla ein kan bruke i marknadsarbeidet: produkt, pris, påverknad og plass.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent