Hopp til hovedinnholdet

Puls - yrkesliv i helseservicefag : vg2 helseservicefag

  • Pocket

  • 2022

  • Norsk, Nynorsk

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 helseservicefag etter fagfornyinga. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og tre lærebøker som følgjer programfaga: Yrkesliv i helseservicefag Kommunikasjon og samhandling Helse- og sjukdomslære I bøkene møter elevane eit ryddig og lettlese læreverk. Illustrerte casar med situasjonar frå yrkeslivet gjer sluttkompetansen og yrkesidentiteten deira tydeleg. Puls Yrkesliv i helseservicefag lèt elevane bli godt kjende med helseserviceyrka, sentralt regelverk for helsepersonell, yrkesetikk og krav og forventingar i arbeidslivet. Administrative oppgåver og bruk av digitale ressursar og helsetenester har blitt vigd stor merksemd. Læreboka gir også viktig kompetanse i praktisk smittevern, miljøbevisst forbruk og fysisk og psykisk førstehjelp. Læreboka har ordforklaringar, omgrepsregister, oppsummeringar og et breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.

    Tilgjengelig i 5 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen en uke.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent