Hopp til hovedinnholdet

Dei europeiske trolldomsprosessane

  • Pocket

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Rettsleg forfølging av påståtte hekser og trollfolk prega store delar av Europa på 1500- og 1600-talet. Kor mange mista livet i denne menneskeforfølginga, kva utbreiing hadde ho i tid og rom, og kva var den utløysande faktoren? Blei rettsforfølginga utløyst nedanfrå, grunna dårlege naborelasjonar og skuldingar om vond magi i lokalsamfunnet, eller kom ho ovanfrå, frå haldningar hos samtidas intellektuelle, deira djevelfrykt og kvinnesyn? I denne boka gir Rune Blix Hagen ei oversikt over forskinga på trolldomsprosessane – både i Noreg og elles i Europa. Avslutningsvis kjem forfattaren med ei viktig påminning om at liknande menneskeforfølging går føre seg i andre delar av verda den dag i dag. Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking fram til i dag, og særleg trekker forfattaren fram norske bidrag etter 2010.
UTSYN>INNSIKT
er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

    Tilgjengelig i 2 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer