Over kvåsen - skodespel
Av Rune Belsvik
Pocket
2004
Norsk, Nynorsk
Bendik er forfattar. Han skulle så gjerne koma i gang med ei ny bok. Han får det ikkje til. Som om ikkje det var nok, kjem våren. Den forferdelege årstida, då ein skal vera lykkeleg og visa for naboar og alle kor glad ein er i livet og familien og hagen sin.
Kona til Bendik heiter Agnete. Ho synest dei bør kjøpa seg ein fin båt, så dei blir like lykkelege som Mona og Lars.
Men kva er det for noko å ha ein båt? Er det berre å starta motoren og leggja utpå?
Er det ikkje noko som heiter bølgjer og skjær og uvêr? Er ikkje sjøen ganske djup?
Og korleis legg ein til land?
Oppsetninga av dette stykket var ein stor suksess for Agder Teater.

Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent