Hopp til hovedinnholdet

Sju galningar

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnaren Erdosain manøvrerer blant små og store kjeltringar, horer og hallikar, skrønande gullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar.
I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka.
«La oss, for å vere beskjedne, seie at Roberto Arlt er Jesus Kristus.» Roberto Bolaño

Tilgjengelig i 4 butikker

På nettlager (sendes normalt innen 1-2 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer