Hopp til hovedinnholdet

Magnus Berrføtt

  • Innbundet

  • 2012

  • Norsk, Nynorsk

Det hadde gått 26 år sidan Harald Hardråde fall ved Stamford Brui England. Framleis låg det levningar etter falne på slagstaden som eit bilete på kva helvete kanskje er. Den energiske og ekstreme 20-åringen Magnus Berrføtt var stikk motsett av faren, kong Olav Kyrre, den fredelege. Etter 26 år under Olav som regjerande konge i Noreg, hadde lendmennene vokse seg rike og maktglade. Det hadde knapt vore krigføring i alle desse åra. Men Magnus skulle vinne land til Noreg. Ikkje berre Vesterhavsøyane med Skottland og Orknøyane. I tillegg skulle Irland over på norske hender - så England. Slik ville Magnus fullføre planane til farfaren, kong Harald Hardråde, og ikkje minst rette opp æra til nordmennene etter tapet ved Stamford Bru. For å klare dette trong Magnus ein usannsynleg stor hær. Frykta for leidang og kostbare krigar frå ein som fleire såg som ein ny Hardråde- berre endå verre - spreidde seg i landet. For lendmennene var gode råd dyre. Eit nytt kongsemne og konfliktar med mektige menn truga no kongsgjerninga til Magnus. Opplendingane hadde ikkje gløymt kva Harald Hardråde gjorde mot dei nokre tiår tidlegare. Ved sida av farfaren, kong Harald Hardråde, var Magnus Berrføtt truleg den mest ambisiøse og profesjonelle hærføraren av kongane i kongerekka vår. Utgis i serien Sagakongene, et samarbeid mellom forlagene Saga bok og Spartacus.

    Tilgjengelig i 11 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer