Ingen folkefest - forteljingar frå Java
Innbundet
2024
Norsk, Nynorsk
«Kvifor kan ikkje folk bli fødd midt i festståket og døy midt i festståket? Eg ønskjer at verda skal vere som ein folkefest.»
Slik sukkar ein gjest i gravferda til ein av heltane frå den indonesiske motstandskampen mot kolonimakta Nederland – basert på far til forfattaren, Pramoedya Ananta Toer.
Boka består av seks noveller og to kortromanar og er ei samling forteljingar frå denne kampen og tida før og etter, delvis skrivne i nederlandsk fangenskap mens krigen pågjekk. Dei første forteljingane beskriv ein barndom i byen Blora på Sentral-Java på 1930-talet, der hovudpersonen i likskap med forfattaren voks opp som son av ein lærar på ein antikolonial friskole. Dei følgjande forteljingane har emna sine frå frigjeringskrigen mot Nederland etter 1945, der forfattaren deltok som soldat og som journalist, og altså hamna i nederlandsk fengsel. Den lengste teksta beskriv det siste møtet med den døyande faren eit år etter at sigeren var vunnen i 1949. Den aller siste teksta er eit framtidsvarsel: Den beskriv mobbing av sonen til ein landssvikar på skolen i eit framtidig 1959.
Pramoedya Ananta Toer (1925–2006) er Indonesias nasjonaldiktar. Han har gitt ut bandsterke romanverk som utforskar ulike fasar i den indonesiske nasjonsbygginga under kolonialismen; fleire av dei har kome på norsk. Under militærdiktaturet til president Soeharto var han politisk fange i fjorten år, lengste tida (1969–79) på øya Buru aust i Indonesia saman med bortimot 10000 medfangar.

Tilgjengelig i 7 butikker
På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent