Hopp til hovedinnholdet

Guden for mareritt

  • Innbundet

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

I 1941 forlét den 23 år gamle Helen Bynum heimen på landsbygda i delstaten New York for første gong. Ho har fått i oppdrag å hente heim tante Lulu, ei aldrande og fordrukken skodespelarinne i New Orleans.
Ei ny verd opnar seg, eit liv fullt av lidenskap, eventyr, sex og kjærleik. Ho blir ein del av ein bohemsk, intellektuell vennegjeng i The French Quarter, og for første gong kjenner ho seg fri til å utforske kva som er mogleg i sitt eige liv. Andre verdskrigen og undertrykkinga av farga og homofile ligg som eit ubehageleg slør over forteljinga. I eit kapittel lagt seinare i tid, innser Helen at livet og omstenda var annleis enn ho kunne førestille seg. «Guden for mareritt» er ein roman frå New Orleans om vennskap, kjærleik, fordommar og svik.

    Tilgjengelig i 19 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer