Farlege språk - historisk lesebok om språkkonfliktar
Innbundet
2024
Norsk, Nynorsk
Ei tenåringsjente i Soweto såg politiet drepe fredelege studentar som avviste koloniseringsspråket afrikaans. Ein prest i Cornwall hang tre år i sitt eige kyrkjetårn fordi han støtta eit språkopprør mot den engelske kyrkja. Ein dansk konge innførte eit prinsipp som blei grunnlaget for norsk språkpolitikk. Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkon.iktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Ottar Grepstad møter augevitne på .eire kontinent, les bortgøymde dokument på ny og fortel andre historier enn dei vanlege om store kon.iktar i verdshistoria. Forfattaren utviklar ei ny forståing av identitetspolitikk, diskuterer problemet mangfald og viser korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal. Boka opnar med den enkle tanken at språkstrid har vore med og lært nordmenn å løyse kulturelle kon.iktar utan vald. Når boka sluttar, har både forfattaren og lesarane fått mykje å tenkje på. Ei slik bok har aldri vore skriven på norsk før. Neppe på noko anna språk heller.
Tilgjengelig i 73 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent