Hopp til hovedinnholdet

Dropar - roman

  • Innbundet

  • 2000

  • Norsk, Nynorsk

Dei kjem heim att dagen etter. Køyrer tilbake og kjem heim. Og no har det bygd seg opp ei visse i han: Denne gongen går det ikkje.Han står der ved vindauget søndagskvelden. Han spør seg, ein gong, fleire gonger. Spør seg morgonen etter: Kan det bli som før? Er det ein veg tilbake att? Finst det ei tilbakevending? Nei, ikkje denne gongen.
Andreas har levd lenge saman med Kathi, som han møtte i studietida i Sveits. Eit velordna, arbeidsamt liv; eit harmonisk samliv i det ytre, men som denne våren brytest mot splittande og oppløysande krefter. Andreas fryktar at han er sjuk, og opplevingar i barndommen kastar skuggar over livet her og no. Romanen utforskar ein krisetilstand i eit menneskeliv og viser kva som kan skje når etablerte sanningar om fortid og framtid blir sette på prøve.

    Kan bestilles til 147 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer