Tarjei Vesaas - ein diktar i tida
Pocket
2018
Norsk, Nynorsk
Da Tarjei Vesaas døydde i 1970, vel 72 år gammal, let han etter seg ein av dei mest sentrale forfattarskapane i norsk litteratur. Bøkene hans ble omsette til ei rekkje språk, og han er ein av dei få norske forfattarane i etterkrigstida som har vunni seg eit internasjonalt ry.
Tarjei Vesaas budde i Vinje i Telemark og heimstaden ligg som ein grunnvoll under alt han skreiv. Men i diktinga sprengjer han lokal grenser og stiller til kvar tid dei avgjerande spørsmåla i livet. Nye lesarar blir stadig fanga inn av det hemmelege spelet i diktinga hans. Han kjende godt til angsten og avgrunnane i menneskesinnet, men også til kjærleiken og draumen. I spenningsfeltet mellom desse kreftene skaper Vesaas bruer mellom menneske, bruer for liv. Men kven var diktaren sjølv? Han som sa at han stod i bøkene sine i alle slags forkledningar?
Olav Vesaas, son til diktaren, har leita bak forkledningane, granska ukjent materiale og har med den nære kjennskapen han hadde til far sin, skrivi ei eineståande innføring til diktaren og mennesket Tarjei Vesaas.
Tilgjengelig i 4 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent