Hopp til hovedinnholdet

Glør i sommarnatta - forteljingar

  • Innbundet

  • 2009

  • Norsk, Nynorsk

Forteljingar inspirerte av Shakespeare. Bli med til ei bygd som har alt: pølsekioskar, kommunehus, hotell og skolar. Her møter vi misforståtte ungdommar som på midtsommarnatta krasjlandar på hytta til rådmann Warnæs, der er det bryllaupsfest og revypremiere. Anton Kjøpstad lever plutseleg eit farleg liv, etter å ha rota seg inn i ei stor spelegjeld, mens den nykomne filippinske kona til Mareno Nakken, varaformann i Høgre, har større ambisjonar for karrieren hans enn det han sjølv har. Men kva gjer ein ikkje for kjærleiken? Rigmor Monsen, på si side, ser ut til å finne kjærleiken i Jesus, bokstaveleg talt. Dei fem sprelske forteljingane frå Olav Kristiseter er fulle av intrigar og kjærleik, komikk og tragikk.

    Tilgjengelig i 4 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer