Hopp til hovedinnholdet

Ymsedamer

  • Innbundet

  • 2015

  • Norsk, Nynorsk

DAMER FRÅ FANTASI OG RØYNDOM Multikunstnaren Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. Han forsyner jamleg det norske folk med skarpe tekstar, treffande bilde og songar med fråspark. I mai opnar utstillinga Ymsedamer på Mohn kunsthandel i Bergen, og samstundes gir SKALD ut boka med same namn. "Ymsedamer" er ei frisk lita bok med til no upubliserte teikningar frå dei tre siste åra. Her er damer i alle variantar: Appelsindronningar og kalde jomfruer, Bente Bakantil og Frida Framifrå. Kvinner mange av oss kan kjenne igjen, eller ynskje vi ikkje hadde kjent. Dei torsheimske bildetitlane er einaste tekst i boka, og ho fell såleis i kategorien lettlest, men ikkje lettgløymd. Boka er ein stor bukett frodige damer og erstattar gjerne ei blomsterhelsing!

Tilgjengelig i 2 butikker

På nettlager (sendes innen 1-3 virkedager)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer