Hopp til hovedinnholdet

Verdas viktigaste bok - om kroppen, følelsar og sex

  • Pocket

  • 2016

  • Norsk, Nynorsk

Ei bok om alt ein vil vite, men ikkje vågar å spørje om. Er det vanleg at tissen er skeiv? Kvifor er nokre ting jentete og andre gutete? Korleis kjennest det å bli kåt? Kan mensen vere brun? Kor ofte er det ok å onanere? Korleis skal eg vise at eg vil bli saman med nokon? Denne boka er til deg som lengtar etter å kline. Og til deg som aldri kunne tenke deg å stikke tunga di inn i munnen på nokon. Boka handlar om kropp og utsjånad, om kjærleik og flaue greier. Du lærar deg det du treng å vite om både jentetissen og gutetissen, og ein del om sex. Men dette er ikkje berre ei faktabok, for ho handlar også om sånne ting som du berre kan vite sjølv: korleis det kjennest inni deg, og kva som er bra for akkurat deg. Mest av alt handlar boka om at du skal ha det bra. Det gjer dette til verdas viktigaste bok. Boka er omsett av Ingelin Røssland.

    Tilgjengelig i 19 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent