Hopp til hovedinnholdet

Ni løgner og jakta på eit smil - roman

  • Innbundet

  • 2024

  • Norsk, Nynorsk

Klara og mamma er på garden til bestemor. Men ting er ikkje som dei har vore før, no når bestemor ikkje er her lenger. Mamma ligg berre på sofaen og grin. Men utanfor er sommaren lys og varm og grøn, og Klara vil jo eigentleg berre vere ute og leike!
Ein dag møter ho ein gut nede på kaien, Pelle. Dei blir raskt vener, og Pelle påstår at han kan hjelpe Klara med å få mora glad igjen. Han har ein genial plan, seier han. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill? Kvifor klarer ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er?
Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga.
Boka er illustrert av Tiril Valeur.

    Tilgjengelig i 144 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer