Nyskaping - Fjordantologien 2023
Av Arnhild Lunde (red), Mads Solberg (red), Marte Fanneløb Giskeødegård (red), Øivind Strand (red), Snorre Bakke (red)
Del av serien
Pocket
2023
Norsk, Nynorsk
Norsk, Bokmål
Nyskaping er eit omgrep vi møter i mange samanhengar, og det er gjerne tett kopla til omgrepet innovasjon. Oftast er nyskaping omtalt i positive lada ordelag og som noko vi ønskjer å få til meir av. Men kva inneber nyskaping?
Antologien løfter opp nokre spørsmål som er med å tydeleggjere kva nyskaping er. Kva skil nyskaping frå innovasjon? Kva er tilsikta og utilsikta konsekvensar av nyskapingsprosessar? Og kva skal til for å lukkast?
Krav til nyskaping kjem også til UH-sektoren, og dei ulike bidraga i antologien drøftar kva rolle UH-sektoren kan ha i nyskapinga. Nokre av kapitla tar fatt på denne debatten på eit prinsipielt nivå, gjennom å diskutere det opp mot UH-sektoren si rolle og sitt mandat som utdanning og forskingsinstitusjon. Andre kapittel, med empiri i all hovudsak forankra i «fjordregionen», gjev viktige praktiske døme på korleis slike nyskapingsprosessar utfoldar seg i praksis. Nokre av kapitla diskuterer i større grad nyskapingar - altså produktet snarare enn prosessen.
Diskusjonane frå kapitla i denne antologien syner at omgrepet nyskaping er mangfaldig. Eit viktig funn er at nyskapingsomgrepet ser ut til å representere noko anna og lettare handgripeleg for mange av aktørane enn det meir etablerte innovasjonsomgrepet. Det mogleggjer nye former for samhandling og innsikt som også er relevant langt utover regionen døma tek utgangspunkt i.

Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent
På nettlager. Produseres på bestilling. 2-3 uker leveringstid
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent