Hopp til hovedinnholdet

Jenterommet - ein eksistensiell horrorkomedie

  • Pocket

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

I Jenterommet - ein eksistensiell horrorkomedie rér den vaksne kvinna attende i barndomsrommet sitt i eit opprivande møte med eit marerittvesen som prøver å knekke henne. Hennar eiga mor og eiga dotter er også innblanda i handlinga der fortid og notid blir sausa saman i ei frykteleg røre. Men ho kjempar seg gjennom natta, ja, ho kjem faktisk styrkt ut.
Jenterommet er saman med Karmageita nominert til Nordisk råds litteraturpris 2023. Den færøyske juryen skriv i grunngivinga for nominasjonen: «Karmageita og Jenterommet er eit litterært dobbeltverk der dei to bøkene har kvart sitt uttrykk og preg. Det er tale om to ulike sjangrar, ei diktsamling og ein dramatisk tekst. Verka kan lesast i vilkårleg rekkefølge og er ikkje lineært eller kausalt forbundne, men snarare som to verk som er innleira i kvarandre: der dialogane i dramaet, rørslene i dikta, sinnstilstandane og dei fysiske romma veks inn i kvarandre.» Marjun Syderbø Kjelnæs (f. 1974) er ei kjent og aktiv stemme på den færøyske litterære og dramatiske scenen. Jenterommet - ein eksistensiell horrorkomedie er den fjerde boka hennar som blir utgitt på norsk.

    Tilgjengelig i 74 butikker

    På nettlager. Sendes normalt innen 1-2 virkedager

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer