Hopp til hovedinnholdet

Oskar og eg - alle plassane vi er : roman

  • Innbundet

  • 2023

  • Norsk, Nynorsk

Vinnar av Brageprisen 2023, Nynorsk barnelitteraturpris 2023 og nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris!
I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Åshild Irgens (f. 1976) har illustrert boka. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjonane til Tonje Glimmerdal.

    5.0

    Tilgjengelig i 121 butikker

    På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer