Fleire vegar mot mål - lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole
Pocket
2007
Norsk, Nynorsk
Korleis kan ein hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole? Fleire vegar mot mål har som si grunnhaldning at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte. Fleire vegar mot mål er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst ei mengd forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Forslaga er vitskapleg forankra, og boka gir òg innsikt i noko av det teoretiske grunnlaget i ein eigen teoridel.
Kombinasjonen av teori og praksis gjer boka veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar. Dei praktisk retta kapitla er òg tenkt som hjelp, nytte og inspirasjon for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole.
Boka inneheld blant anna: praktiske lærings- og undervisningsopplegg oversyn over moglege hjelpemiddel definisjonar av lese- og skrivevanskar innføring i læringsteoriar eksempelhistorier frå skolar og forskingsprosjekt

Tilgjengelig i 2 butikker
På nettlager. Sendes innen 1-3 virkedager.
- Bytt i alle våre butikker
- Klikk og hent