Hopp til hovedinnholdet

Multimodalitet i skole- og fritidstekstar - ein vitskapleg antologi

Av Lars Rune Waage (red), Magne Rogne (red)
  • Pocket

  • 2018

  • Norsk, Nynorsk

  • Dansk

  • Norsk, Bokmål

Vi møter samansette tekster overalt, både i skolen og på fritida. Kunnskap om multimodalitet er blitt nødvendig for kommunikasjonskompetansen til ung og vaksen.

Målet med denne boka er å presentere ny forsking på eit felt der utviklinga går fort. Forfattarane tek for seg multimodalitet i ulike tekstar, som læreverk, film, musikkvideo, dataspel og teikneseriar, og drøfter mellom anna: - Korleis arbeider barn med nettbrett?

- På kva måte kan programvare påverke kommunikasjonen?

- Korleis brukar lesarane sansane når dei les?

- Korleis blir det undervist i multimodalitet i nordiske klasserom? Finn emnet veg inn det viktigaste faget i skolen?

- Greier vi å gjere elevane til aktive multimodale produsentar som nyttar eit breitt spekter av semiotiske ressursar?

- Skil dei nye digitale læremidla seg eigentleg frå tradisjonelle lærebøker på papir?

- Kan dataspel bidra til å utvikle ein kreativ literacy-praksis?

Antologien syner fram breidda i ulike multimodale framstillingsmåtar og speglar korleis multimodale tekstar nyttar ulike uttrykk for å kommunisere mest mogleg effektivt med lesarane. Boka er relevant for lærarar, studentar og forskarar som arbeider med desse temaa.

    Tilgjengelig i 1 butikk

    På nettlager. Sendes innen 1-2 virkedager.

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer