Hopp til hovedinnholdet

Berekraftig verdiskaping

  • Pocket

  • 2020

  • Norsk, Bokmål

  • Norsk, Nynorsk

Berekraftig verdiskaping er ein vitskapleg antologi som gjennom ulike case har til formål å syne kva berekraftig verdiskaping er. Boka er relevant for fleire grupper av lesarar, mellom anna avgjerdstakarar innan politikk, forvaltning og privat næringsliv. Antologien vil òg kunne nyttast som pensum i fag innan økonomi, fornybar energi og samfunnsansvar.
Leif Longvanes (fødd 1965) er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i organisasjons- og leiingsfag. Longvanes har tidlegare hatt leiarstillingar i Trygdeetaten og har vore dekan og instituttleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Longvanes er Master of Public Administration frå Copenhagen Business School og har forskingsinteresser innan organisasjon og leiing.
Torbjørn Årethun (fødd 1964) er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og dosent i samfunnsøkonomi ved Høgskulen på Vestlandet. Han har bakgrunn frå oppdragsforsking og offentleg forvalting. Hans faglege interesseområde er regional utvikling, entreprenørlyst hjå ungdom og fornybar energi.

Kan bestilles til 147 butikker

På nettlager (sendes normalt innen en uke)

  • Bytt i alle våre butikker
  • Klikk og hent

Oppdag mer