Hopp til hovedinnholdet

Jonas Gahr Støre - eit dikt

  • Innbundet

  • 2025

  • Norsk, Nynorsk

Når ikkje politikarane lenger har tydelege visjonar for framtida vår, er det kanskje på tide å oppsøke diktinga.
Som tittelen slår fast, er dette ei bok der ein av dei viktigaste politiske aktørane i den norske samtida vert gjord til emne for dikting. Idet denne katalogteksten går i trykken, har fleire framståande AP-politikarar bedt Jonas Gahr Støre om å trekkje seg, samstundes som høgrekreftene fossar fram på meiningsmålingane. Er sosialdemokratiets tid omme?
Jonas Gahr Støre. Eit dikt er eit draumkvad, ein visjon om diktingas rolle i ei visjonslaus tid. Kva skjer om vi plasserer Støre på ei aud øy, i kvalfiskens buk eller på ein flåte der han må bruke Gerhardsens frakk som segl? Også havet er ein karakter, ei flytande spegelflate som på sitt vis viser andlet og talar om openberre prov på krisa, som til dømes ekstremvêr, trumpisme og fråvære av venstreradikale rørsler med klåre visjonar om ei betre framtid. Leif Høghaug kallar sitt bidrag «ein drope i havet» – men som kjent kan ein drope vere nok for å endre eit heilskapsinntrykk. For kanskje er det nettopp gjennom diktingas språk vi kan danne grunnlaget for ein ny og framtidsretta samtale?

    Ikke tilgjengelig for Klikk&Hent

    Forhåndsbestill

    Forventes i salg 09.04.2025

    • Bytt i alle våre butikker
    • Klikk og hent

    Oppdag mer